Hopp til innhold
X
Innhald

Honndalstausene

Honndalstausene i 2008. Frå venstre Marianne Tomasgård, Torunn Raftevold Rue, Bente Storbakken (Tomasgård), Tone Lien Dyrkorn, Synnøve Hjellbakk Hole, Gunn Sølvi Gausemel og Gunnhild Sindre. Pressefoto.

Honndalstausene i 2008. Frå venstre Marianne Tomasgård, Torunn Raftevold Rue, Bente Storbakken (Tomasgård), Tone Lien Dyrkorn, Synnøve Hjellbakk Hole, Gunn Sølvi Gausemel og Gunnhild Sindre. Pressefoto.

Honndalstausene er ei slåttespelgruppe samansett berre av jenter, skipa i 1983. Medlemene var Synnøve Hjellbakk, Gunn Sølvi Gausemel, Gunnhild Sindre, Marianne Tomasgård, Bente Tomasgård, Tone Lien og Torunn Raftevold.

Honndalstausene har oppnådd gode plasseringar på Landskappleiken, gjeve ut eigne innspelingar og delteke i fleire radio- og TV-program. Første plata kom 1988, og gruppa vart nominert til Spellemannsprisen 1989.

Honndalstausene vart tildelt fylkeskulturprisen i 1989.

Nye plater kom i 2000 og 2008.

Sjå også: Folkemusikarar frå Hornindal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.11.2011