Hopp til innhold
X
Innhald

Hornindal alders- og sjukeheim

Hornindal  alders- og sjukeheim på Grodås vart teken i bruk i 1981. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hornindal alders- og sjukeheim på Grodås vart teken i bruk i 1981. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hornindal alders- og sjukeheim vart opna i 1981. Sjukeheimen ligg like ved det gamle aldersheimsbygget i Årane og har plass til 24 pasientar. I tillegg vart det i 1988 bygt tre tenestebustader like ved. Desse vart seinare omgjorde til eldrebustader, og seinare har kommunen i tillegg bygd seks nye omsorgsbustader.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.02.2011