Hopp til innhold
X
Innhald

Hornindal Aldersheim

Aldersheimbygningen som vart reist i 1937 er no nærmiljøsentralen Huset Vårt. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Aldersheimbygningen som vart reist i 1937 er no nærmiljøsentralen Huset Vårt. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hornindal Aldersheim vart bygd i 1937 i Årane, like sør for Grodåssanden. Då den nye sjuke- og aldersheimen vart teken i bruk i 1981, vart huset nytta til barnehage fram til 1988. Sidan vart huset ein del av det såkalla ”Liv laga”-prosjektet der Kjellaug Haugen gjorde ein stor innsats.

Den gamle aldersheimbygningen er omgjort til institusjonen Huset Vårt og har vorte nytta som nærmiljøsentral. I Huset Vårt er det rom for vandrarheim og for folk som er mellombels tilsette på arbeidsplassar i bygda.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.02.2011