Hopp til innhold
X
Innhald

Hornindal kyrkje

Hornindal kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hornindal kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hornindal kyrkje vart bygd på Kirkhorn i 1856. Arkitekt var Ludolph Rolfsen etter typeteikning av Hans D.F. Linstow. Anders Muldsvor vart engasjert som byggmeister. Men då han døydde, overtok den kjende kyrkjebyggjaren frå Eid, Gjert Lien, og med eit arbeidslag på 21 mann fullførde han byggjearbeidet. Altartavla i måla treskurd frå 1932 er av Dagfinn Werenskiold. To skulpturar av Anders Svor pryder kyrkja innvendig.

Soknepresten var treskjerar

Det var sokneprest Jon Johnsen og ektemaken Alhed som på 1920-talet tok opp arbeidet med å få dekorert Hornindal kyrkje innvendes. Alhed fekk skipa ”Jentelag til kyrkja sin prydnad”. Sokneprest Johnsen var ein habil treskjerar, og han fekk løyve av den kjende kunstnaren Dagfinn Werenskiold til å skjere ein kopi av ei altartavle som kunstaren hadde laga. Men då Werenskiold kom til Hornindal for å måle tavlekopien, let han Hornindal få hans eigen originaleversjon. Kopien som presten hadde laga, tok Werenskiold med tilbake til Oslo, og den vart seinare sett opp i Sørkedalen kapell.

Interiøret i Hornindal kyrkje.

Interiøret i Hornindal kyrkje.

Gamal kyrkje på Ytrehorn

Den første kyrkja i Hornindal låg truleg på garden Ytrehorn og er omtala som Hornynarkyrkja i 1320. På Ytrehorn låg det gamle hovdingsetet i bygda, og her budde truleg Kalv av Hornin (sjå denne under Kjende personar i Hornindal fødde før år 1900) som støtta baglarbispen Nikolaus Arneson i kampen mot kong Sverre Sigurdsson og hans birkebeinarar. Segna vil ha det til at det i mellomalderen låg to kyrkjer på Ytrehorn. Då har den eine kyrkja truleg vore eit privatkapell for hovdingætta der. Den første kyrkja i bygda vart riven før 1600 og erstatta av ei lang og låg trekyrkje på garden Kirkhorn. Inne hadde ho eit galleri over inngangsdøra, og kyrkja var måla. Utvendes hadde kyrkja tårn, men dette var borte i 1690. I 1703 vart det bygt nytt tårn. Då noverande kyrkje vart bygd i 1856 vart tømmeret selt til ein gardbrukar i Hornindal, men segna seier at kyrkjedøra skal ha hamna på garden Os på Nordfjordeid.

Den gamle prestegarden på Grodås, måla av Eilert Mehl.

Den gamle prestegarden på Grodås, måla av Eilert Mehl.

Eige prestegjeld

Fram til 1866 – året etter at Hornindal vart skild frå Eid som eigen kommune – vart Hornindal eige prestegjeld. Den første presten i Hornindal var Michael Nissen Luytkis Eckhoff. I 2000 vart kateket Jon Ytrehorn ordinert til sokneprest i Hornindal. Han er ein av svært få som har vorte prestar i Den norske kyrkja utan å ha teologisk embetseksamen.

Honndalspresten styrer tre kyrkjer

Sidan 1967 har Nordsida i Stryn kommune – d.v.s. bygdene frå og med Hopland og Randabygda i vest til og med Blakset i aust, vorte styrde av presten i Hornindal. Men då sentraliseringsbylgjene slo over indre Nordfjord på 1960-talet, og det meste av Hornindal kommune vart innlemma i storkommunen Stryn, heldt det ei stund på å gå den motsette vegen: Wiig-komitéen,med biskop Alf Wiig i spissen, gjorde då framlegg om å leggje ned Hornindal som eige prestegjeld og innlemme det i Stryn prestegjeld. Men Bjørgvin-bispen Per Juvkam kom med ei anna løysing: I den nye storkommunen kom det til å verte i alt åtte sokn. - Del heller storkommunen Stryn i tre prestegjeld og la Nordsida høyre til soknepresten i Hornindal, sa Juvkam. Og slik vart det. Juvkam fekk brei lokal støtte for framlegget, men vilkåret som vart sett lokalt, var at det vart bygt ei eiga kyrkje på Nordsida i tillegg til kyrkja i Randabygda. Den nye Nordsida kyrkje på Fjelli vart vigsla i 1973, og både den og Randabygda kyrkje høyrer framleis under presten i Hornindal.

Randabygd kyrkje ligg i Stryn kommune, men høyrer til Hornindal prestegjeld. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Randabygd kyrkje ligg i Stryn kommune, men høyrer til Hornindal prestegjeld. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.02.2011