Hopp til innhold
X
Innhald

Hornindals Bondevenforening

vart skipa i 1870 og var det første politiske laget i Hornindal.

Bondevenene var støtteparti til Søren Jaabæk-gruppa på Stortinget. Laget fekk første året 71 medlemmer. I 1873 er det registrert 132 medlemmer i ein jordbrukskommune som talde vel 200 bruk på den tida.

I 1873 gjorde laget ein mislukka freistnad på å skipe eit lokalt branntrygdelag. I staden vart Hornindals-bøndene seinare organiserte som ei underavdeling av Indre Sunnmøre Branntrygdelag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 20.02.2009