Hopp til innhold
X
Innhald

Hornindalsvatnet – djupast i Europa

Djupna til Hornindalsvatnet blir målt i 1931. Mannen med ”målebandet” er oppmålar Kaare Munster Strøm. Bak han står skipsføraren på ”Dølen”, Johan Strand. Med ryggen til Morten Otterdal. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Hornindalsvatnet er Europas djupaste innsjø: 514 meter. Vatnet ligg 53 meter o.h. og er 50 kvadratkilometer stort. Hornindalsvatnet var i lang tid den viktigaste ferdsleåra og transportvegen frå Hornindal og ned til fjorden på Nordfjordeid. Frå 1880-talet gjekk det to små dampbåtar i konkurrerande ruter på vatnet. Båtrutene var lenge det einaste sambandet som dei veglause bygdne på nordsida, Otterdal og Navelsaker, hadde med omverda. Vinterstid freista folk i gamle dagar å ta seg fram på isen, og mange trakka gjennom utrygg is og drukna.

Grodås med Hornindalsvatnet. Foto: Olav Jakob Tveit.

Grodås med Hornindalsvatnet. Foto: Olav Jakob Tveit.

Spesiell djupvassrøye

Laks og sjøaure vandrar opp Kviefossen til Hornindalsvatnet, og i sjølve vatnet er det ein stor bestand av ferskvassrøye som frå tid til anna har vore kommersielt utnytta. Ein heilt spesiell avart av røye vart i 2006 fanga på 510 meters djup i vatnet.

I 1965 vart den smale Kjøspollen sperra av med ei vegfylling i samband med omlegging av riksveg 60. Berre ei lita opning under ei bru syter for at vatnet kan strøyme ut frå pollen innanfor, og dette har ført til gjengroing.

Sjøorm?

Det knyter seg sjølsagt segner til eit vatn med så mystiske avgrunnar som i Hornindalsvatnet. Ei av dei er at det skal finnast sjøorm i vatnet.

Den 1. august 2012 vart dette biletet teke av det mange meiner er ein sjøorm i Hornindalsvatnet. Foto: Andreas Solvik.

Den 1. august 2012 vart dette biletet teke av det mange meiner er ein sjøorm i Hornindalsvatnet. Foto: Andreas Solvik.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 14.08.2012