Hopp til innhold
X
Innhald

Hovudvegen sørover

Den Trondhjemske postvei gjekk frå 1795 gjennom Hornindal. Vegen Grodås-Sunnylven (Hellesylt) vart bygd. Kirkhorn var første poststaden i indre Nordfjord.

Postruta kryssa Nordfjord frå Utvik til Faleide. Derfrå gjekk vegen gjennom Markane over Kjøsahalsen til Hornindal, og vidare nordover til Hellesylt på Sunnmøre. Det var skysstasjon og gjestgiveri på Grodås, og skysstasjon på Haugen og Kjøs. Over same lina som postvegen, vart det seinare bygt betre køyreveg.

Den rasfårlege Kjøshammaren

I 1838 vart det starta arbeid med ny veg over Kjøsahalsen, men arbeidet gjekk treigt, for den vart ikkje fullført før i 1854. Vegen over Kjøsahalsen vart avløyst av ein køyreveg langs vatnet, rundt Kjøshammaren, i 1904. Vegen gjekk i såkalla «halv-tunnel» under den stupbratte hammaren ved Hornindalsvatnet. Vegen rundt Kjøshammaren var svært rasfårleg, og det hende også ei dødsulukke der 1924. Tunnelen gjennom hammaren var ferdig 1968.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.05.2008