Hopp til innhold
X
Innhald

Jakob Andreas Andersen Kirkhorn

(1841–1908) frå Hornindal, busett i Hornindal og Molde. Fotograf. Tok handelsutdanning i Bergen før han kring 1860 tok til som fotograf, og vart dermed ein av dei første fotografane som arbeidde i Sogn og Fjordane. I 1869 flytta han til Molde og starta atelier der.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.03.2008