Hopp til innhold
X
Innhald

Kåre Maurset

Kåre Maurset  var ordførar i to omgangar og er den som har stærste æra for at Hornindal i 2011 er eigen kommune.

Kåre Maurset var ordførar i to omgangar og er den som har stærste æra for at Hornindal i 2011 er eigen kommune.

Kåre Maurset (1903-1988), lærar og politikar. Maurset er best kjend fordi han leia kampen for å gjere Hornindal til eigen kommune att, etter at den i 1964 vart slegen saman med Stryn og Innvik til storkommunen Stryn (nokre bygder gjekk også til Eid). I 1977 vedtok Stortinget å gjenopprette Hornindal kommune.

Kåre Maurset var ordførar i Hornindal frå 1953 til 1964 og i 1977. Han gjorde ein stor innsats for å skaffe nye industriarbeidsplassar til Hornindal. I hans ordførartid vart det bygd kommunale industriutleigebygg på Kirkhorn og Ytrehorn, og Kåre Maurset oppsøkte personleg fleire kjende industrifolk på Sunnmøre og overtala dei til å starte filialar i Hornindal.

I tillegg til å møte som ordførar på fylkestinget 1953-1964, møtte han som utsending frå storkommunen Stryn i åra 1965–1975.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 02.11.2009