Hopp til innhold
X
Innhald

Knut Rasmusson Kirkhorn

Knut R. Kirkhorn.

Knut R. Kirkhorn.

Knut Rasmusson Kirkhorn (1830-1885), bonde, lærar og Venstre-politikar. Han tok lærareksamen frå lærarskulen på Stord i 1850 og var lærar lærar og klokkar i Hornindal frå 1925. Farsgarden tok han over i 1859.

Knut R. Kirkhorn var den første ordføraren i Hornindal etter at kommunen vart skild ut frå Eid i 1867, og han sat som ordførar til 1885. Han møtte som vararepresentant på Stortinget første gong i 1875 og vart vald til første vararepresentant til Stortinget 1877-1879. Då møtte Kirkhorn heile stortingssesjonen i 1877 som vararepresentnat for den kjend Venstre-høvdingen Jakob Sverdrup.

Han møtte også som vararepresentant på Stortinget i mars 1885 då han vart sjuk. Han fekk 2. mars permisjon til å reise heim, men døydde på Tynset dagen etter.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.11.2009