Hopp til innhold
X
Innhald

Lag og organisasjonar i Hornindal

Hornindal Songkor er eitt av mange lag og organisasjonar i Hornindal. Her er koret fotografert i 1922. Foto: Jens K. Maurseth.

Hornindal Songkor er eitt av mange lag og organisasjonar i Hornindal. Her er koret fotografert i 1922. Foto: Jens K. Maurseth.

Omtalane er ordna etter skipingsår:

Hornindal Landboeforening

vart skipa i 1859. Landboeforningane var dei første jordbrukslaga som vart skipa kringom i bygdene.

Hornindals Bondevenforening

vart skipa i 1870 og var det første politiske laget i Hornindal.

Hornindals Traverforening

var truleg skipa kring 1880, for i februar 1885 skipa foreninga til travløp på isen ved Grodåssanden. Her deltok 17 hestar. Same året vart det elles halde travløp i Markane med 15 hestar på ei 100 meter lang bane.

«Maalvinarlaget»

i Hornindal, skipa 1881. Nasjonalsinna lag som m.a. arbeidde for skyttarsaka og målsaka. Omlag på same tid vart det i det liberale og frisinna Hornindal skipa Venstre-forening.

Skodespelarar i Indre Hornindal Ungdomslag samla i samband med framføring av skodespelet ”Dei kvinnfolka” i 1923. Liggande framfor dei andre lærar Lars Tomasgård, som var sufflør. Bak frå venstre Rasmus K. Lødemel, Magnhild P. Tomasgard, Marie R. Kirkhorn Tomasgård, Rasmus R. Lødemel, Brita R. Tomasgård Bøe, Olav B. Lødøen og Ola J. Ytrehorn. Foto frå boka ”Historia om Ragnhild og Rasmus Lungård”.

Hornindal Ungdomslag bygde ungdomshuset ”Dølheim” i 1920. Dette biletet er teke i samband med eit kurs i folkeviseleik. Foto frå Historisk årsskrift, Hornindal Historielag.

Hornindal Ungdomslag bygde ungdomshuset ”Dølheim” i 1920. Dette biletet er teke i samband med eit kurs i folkeviseleik. Foto frå Historisk årsskrift, Hornindal Historielag.

Hornindal Ungdomslag

vart skipa i 1885. I 1920 bygde laget det stor ungdomshuset «Dølheim».

Indre Hornindal Ungdomslag

vart skipa i 1909 og bygde eige ungdomshus i 1918.

Ungdomshuset Ljosvang i indre Hornindal vart bygt i 1918. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ungdomshuset Ljosvang i indre Hornindal vart bygt i 1918. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Indre Hornindal idrettslag

vart skipa i 1910 og gjekk saman med Hornindal idrettslag i 1937.

Hornindal Sanitetslag

vart skipa i 1913.

Eitt av dei første fotballaga i Hornindal. Biletet er teke i samband med ein kamp mot Florø, som kom for å lære honndølene fotball. Det enda med at læregutane vann 6-1. Spelarane er  Botolv Fannemel, Reidar Fannemel, Rasmus Fannemel, Anders Raftevold, Matias Fannemel, Abraham Fannemel, Rasmus Brendefur, Einar A. Rygg, Olai Haugen, Ola R. Fannemel og Olav Brendefur. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Dagens unge i Hornindal kan boltre seg i ein ballbinge. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dagens unge i Hornindal kan boltre seg i ein ballbinge. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hornindal Idrettspark med Hornindal skule like bak. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hornindal Idrettspark med Hornindal skule like bak. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hornindal idrettslag

vart skipa i 1921, og gjekk i 1937 saman med Indre Hornindal idrettslag. Hornindal Idrettspark like ved barne- og ungdomsskulen på Kirkhorn vart opna i 1989. (Von Idrettslag i Holmøyane, som tidlegare høyrde til Hornindal kommune, vart skipa i 1932).

Hornindal Musikklag i 1930. Bak frå venstre Petter Steen, Jørgen S. Lien, Johan Liljedal, Roald Grodås og Olav Grodås.  Framme frå venstre Tore Korsbrekke, Arne Støve, Rasmus R. Lund, Ola Raftevold, Nils O. Lillestøl, Botolv O. Lødøen, Ola S. Lien, Ola P. Lødøen og ståande Rasmus Vik. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Hornindal Musikklag

vart skipa i 1927 etter opptak frå Rasmus Vik. 10-12 instrument vart kjøpte m.a. med tilskot frå utvandra honndøler i Amerika. Laget laget vart lagt ned kring 1962.

Ytre Markane Ungdomslag

vart skipa i 1927 etter at dei vestre grendene hadde brote ut av Markane Ungdomslag fordi ein ikkje vart samde om kvar ungdomshuset skulle byggjast. Ytre Markane U.L. bygde eige ungdomshus i 1928, medan «hovudlaget» bygde sitt hus «Skogstjerna» lengre aust same året.

Støttelag til kyrkjeutsmykking

I 1929 starta prestefrua i Hornindal, Alhed Johnson, ei kvinneforening som samla inn pengar til utsmykking av kyrkja i bygda. Laget heitte ”Jentelag til kyrkja sin prydnad”. Eitt av dei store prosjekta var den nye altartavla som vart skoren og måla av Dagfinn Wereskiold. – Les meir om dette under ”Kyrkjer”.

Hornindal Bondekvinnelag

skipa 1947. Starta «bondekvinneferie», leigde ut hjelpemiddel, tilsette husmorvikar og skipa onnebarnehage, og fekk i 1953 laga «Bryllupsfilmen».

Hornindal Bygdekvinnelag

- sjå: Hornindal Bondekvinnelag.

Hornindal Spelemannslag i 1957. Foto: S. Tonning. © Fylkesarkivet.

Hornindal Spelemannslag i 1957. Foto: S. Tonning. © Fylkesarkivet.

Hornindal Spelemannslag

vart skipa i 1960 etter initiativ frå Rasmus A. Lødemel. Laget har hatt opptil 30 medlemer. Deltok første gong på Landskappleiken i 1966. Både der og seinare har laget vunne mange førsteprisar på Landskappleiken. Ei junior-gruppe kalla «Småhonndølene» vart skipa 1973. Sjå meir under: Folkemusikarar frå Hornindal.

Hornindal Musikkorps

vart skipa i 1967. I 2002 sette korpset, assistert av andre musikkrefter i bygda, opp musikkspelet «The Commitments». I alt 60 aktørar deltok.

Hornindal Trekkspelklubb i 1980. Framme frå venstre Emil Kroken, Olav K. Hjellbakk, Arne Haugen og Kjell Lødøen. Bak frå venstre Knut Hansen, Nils Haugen, Rasmus Fannemel, Knut Rødvik, Atle Espe og Lars Reidar Lillestøl. Foto: Lars R. Lunde. © Fylkesarkivet.

Hornindal trekkspelklubb

vart skipa i 1973.

Stryn og Hornindal pensjonistlag

vart skipa i 1974. I 2012 har laget 250 medlemer.

Indre Nordfjord Turlag

vart skipa i 1977 og er eit lokallag for Stryn og Hornindal kommunar. I 2005 hadde laget vel 300 medlemer. Det skipar m.a. til årlege turar til Lodalskåpa og Honndalsrokken. Indre Nordfjord Turlag har ytt økonomisk hjelp og dugnadsinnsats for å setje i stand den private hytta Flatsteinsbu. Laget fekk eiga barnegruppe i 2005.

Honndalsrokken er det mest ynda turmålet i Hornindal. Foto: Ole Johannes Øvretveit, NRK.

Honndalsrokken er det mest ynda turmålet i Hornindal. Foto: Ole Johannes Øvretveit, NRK.

Honndalstausene

Slåttespel-gruppe samansett berre av jenter, skipa 1983.

Honndalshallen

I 2012 kunne innbyggjarane i Hornindal ta i bruk fleirbrukshallen Honndalshallen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 15.06.2012