Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Eriksson Brendefur

Lars Eriksson Brendefur (1782-1878). Spelemann. Ein av dei første kjende spelemennene frå Hornindal.

Lars Eriksson Brendefur (1782-1878). Spelemann. Ein av dei første kjende spelemennene frå Hornindal.

Han deltok i krigen 1807-14 som tambur (trommeslagar), og skal m.a. ha spela for prins August av Augustenborg. Tromma som Lars brukte, heng i Eidsvollsbygningen. Ein vals etter Lars Erikson Brendefur har sidan vorte kalla ”Prinsevalsen”.

Bror til Hans Eriksson Brendefur (sjå denne under Kjende personar i Hornindal fødde før år 1900, fødd 1793).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.03.2008