Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Hjellbakk

Lars Hjellbakk (1889-1976) frå Hornindal. Bonde, spelemann og slåttekomponist. Hjellbakk var ein av dei fremste spelemennene i Hornindal på 1900-talet. Han lærte felespel av grannen Ole Olsen Hjellbakk (1850–1936) – kalla Spelar-Ola, og av Lars Tomasgård d.e. og Ola Kjellstad frå Sunnylven. Frå 1910 var Lars Hjellbakk fast spelemann i bryllaup og tilstellingar i Nordfjord og på Sunnmøre.

Han var også ein dyktig slåttekomponist og felemakar som bygde kring 80 feler. Starta i 1932 strykeorkester i Hornindal. Tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv i 1967. I 1980 vart det reist ei minnestøtte på Grodås med relieff av Lars Hjellbakk.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 12.03.2008