Hopp til innhold
X
Innhald

Liv Merete Kroken

(Foto: NRK)

(Foto: NRK)

Liv Merete Kroken fødd 1976 i Hornindal, busett i Arna. Hardingfelespelar.

Er utdanna ved Ole Bull Akademiet på Voss og har gått i lære hjå kjende spelemenn. Aktiv som soloutøvar og med andre musikarar i inn- og utland. Har spela på fleire store musikkfestivalar, skulekonsertar og hatt oppdrag for Rikskonsertane.

M.a. medlem i gruppa «Fjøgl» (sjå: Folkemusikarar frå Hornindal), «Fire Feler» og prosjektet «Spindel» som er gjeve ut på CD. Medverka i 2002 som skodespelar og musikar i musikalen «Gjest Baardsen» ved Rick's Teater, saman med m.a. Sigrid Terese Moldestad.

Saman med Sigrid Terese Moldestad medverka ho i det norske innslaget i European Song Contest-finalen (Grand Prix) i Aten i 2006.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.03.2008