Hopp til innhold
X
Innhald

Magne Maurset

Magne Maurset (1824-1916) frå Markane. Spelemann og slåttekomponist. Maurset var kjend som meisterspelemannen i Nordfjord i si tid, og vart kjend for ein særmerkt spelestil med lågstilt fele og trolsk rytme der han trampa takten med begge hælane.

Maurset hadde lært felespel av mora Margrete og farsystera Marte Bjørdal (Bø-Mari). Elles lærte han av Lars Kroken (sjå denne under Kjende personar i Hornindal fødde før år 1900 (1807) og ein omreisande spelemann av taterslekt som folk kalla Blinde-Rasmus.

Den einaste gongen han stilte på kappleik var i Ålesund i 1909. Då var han 85 år gamal. Ein stor del av springarane som vert nytta av spelemenn i Hornindal i dag, er slåttar av Magne Maurset.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 13.03.2008