Hopp til innhold
X
Innhald

Navelsaker Hotell

Tidlegare Navelsaker Hotel slik det tok seg ut i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidlegare Navelsaker Hotel slik det tok seg ut i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lars P. Navelsaker starta i 1876 Navelsaker Hotell (Hotell Grodås), landhandel og bakeri på Grodåssanden.

Hotellet eller delar av bygningskomplekset skal også ha vorte kalla ”Hotell Bellevue”. I ein stor sal i hotellet heldt Hornindal Ungdomslag festane sine før laget bygde ungdomshuset Dølheim på Lødemel. Både hotellet og landhandelen vart lagd ned ca. 1900, og butikklokala vart overtekne av Hornindal Handelslag (sjå dette) då det vart skipa i 1906.

Ved Grodåsheimen står minnesteinen for telefonutbygginga i Hornindal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ved Grodåsheimen står minnesteinen for telefonutbygginga i Hornindal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Delar av hotellbygget vart seinare rive og flytta til Nordfjordeid, der det vart sett opp i 1947 som ”Nordfjord Ungdomsheim” av Norges Kristelige Ungdomsforbund – NKUF. Dette pensjonatet vart seinare best kjent som ”Heimen”.

Slektningar etter Lars P. Navelsaker, og til sist dotterdottera Laura Navelsaker, dreiv heilt fram på 1980-talet Grodåsheimen med utleige av overnatting og kafé i dei gamle hotellbygningane på Grodås. Denne slekta hadde også i lang tid telefonsentralen i bygda.

I 1997 vart Grodåsheimen verna, men vernevedtaket vart oppheva i 2012, og eigaren, Sigfred Lillestøl, ynskjer å rive bygningen i samband med planar om å byggje helsetun på tomta. Hornindal kommunestyre sa ja til riving, men Sogn og Fjordane fylkeskommune klaga på vedtaket, og Fylkesmannen avgjorde så at Grodåsheimen ikkje kan rivast.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.10.2012