Hopp til innhold
X
Innhald

Nordstranda krins for veglause bygder

Borna frå Otterdal er framme på Navelsaker. Her står dei med mat for ei veke i spann og korger. Frå venstre Rasmus Otterdal, Kåre Otterdal og Kirsten Otterdal Haugen. Framme står Jon Navelsaker, som er son på garden der skuleborna frå Otterdal budde. Biletet er teke tidleg på 1950-talet. Foto frå Historisk årsskrift, Hornindal Historielag.

Nordstranda krins omfatta grendene Furefjerding, Navelsaker og Otterdal. Vegløyse og eit islagt Hornindalvatn prega skuleordninga for denne krinsen: Skulen heldt til annakvart år i høvesvis Otterdal og Navelsaker, og ungane frå dei andre to grendene vart innlosjerte hjå private i den bygda der skulen heldt til. Dei hadde med seg niste heimafrå for ei veke om gongen, og det var vanleg at ungane delte både seng og rom i dei privatheimane der dei vart innlosjerte.

På begge stader leigde skulen seg inn i private hus. Skulen var såkalla udelt, d.v.s. at alle borna frå 1. til 7. skuleåret gjekk i same klasse. Det er ukjent når krinsen vart skipa, men den vart lagd ned i 1963.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 25.11.2009