Hopp til innhold
X
Innhald

O. P. Lødøen

Nærmast forretningsbygget som vart reist i 1911, til venstre betongtilbygget som kom til i 1937. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nærmast forretningsbygget som vart reist i 1911, til venstre betongtilbygget som kom til i 1937. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Systrene Pernille og Ingeborg Grodås var dei første telefondamene i Hornindal då telefonen kom til bygda i 1893. Ingeborg selde også lampeolje til folk, men det var då Pernille Grodås gifta seg med Ole P. Lødøen i 1902 at dei kom i gang med landhandel under firmanamnet O.P. Lødøen. Forretninga heldt til i eit bygg på Grodås. Dette bygget vart påbygd i 1911, og det var i samband med denne utvidinga at dei karakteristiske søylene på framsida kom på plass. I 1937 vart det reist eit tilbygg i betong på nordsida, der det vart drive kafé og bakeri.

Sonen til Pernille og Ole, Bottolf O. Lødøen, sat i tysk fangenskap under krigen. Han tok over forretninga i 1947. Sonen til Bottolf Lødøen, Odd Lødøen, tok over butikken i 1970 og dreiv den til den vart lagd ned i 2002. Forretningslokala har sidan vorte leigde ut til frisør og helsesalong.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.11.2009