Hopp til innhold
X
Innhald

Ole Martinus Olson Raftevold

Ola M. O. Raftevold saman med barnebarnet Gjertrud i 1940. Då var han 95 år gamal. Ukjend forograf. Eigar: Anders E. Kroken/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ola M. O. Raftevold saman med barnebarnet Gjertrud i 1940. Då var han 95 år gamal. Ukjend forograf. Eigar: Anders E. Kroken/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ola Martinus Olson Raftevold (1844-1942) frå Indre Hornindal. Handelsmann, hotelleigar og gardbrukar. Grunnleggjar av Raftevolds Hotell i 1867. Han starta først med landhandel på Grodåssanden før han starta hotell og skysstasjon.

Raftevold var eigar av rutebåten D/S ”Dølen” frå 1881 til 1909.

Ved sidan av aktiviteten på Grodåssanden dreiv han odelsgarden i indre Hornindal, og då sonen Ola O. Raftevold i 1909 tok over på Grodåssanden, flytta Ola Martinus O. Raftevold tilbake til garden og dreiv denne for sonen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.02.2011