Hopp til innhold
X
Innhald

Ole N. Lødøen

Illustrasjonen Lødøen laga for å vise mål og vekt.

Illustrasjonen Lødøen laga for å vise mål og vekt.

Illustrasjonen Lødøen laga for å vise mål og vekt.

Ole N. Lødøen (1861-1931). Utdanna lærar. Lødøen utvikla ein gangetabell på rim som han sette tone til, og mange eineståande visuelle læremiddel for skulen, m.a. tavler som illustrerte vekt og mål. Særleg vekte ein modell av livet i havet oppsikt i heile Norden. På modellen hadde Lødøen montert inn fiskekopiar som viste på kva for nokre djupner dei ulike fiskeslaga lever. I 1901 løyvde Stortinget pengar til å utvikle masseproduksjon av modellen.

Utdrag av tekst og tone til eitt av versa i gangetabellen til Lødøen.

Utdrag av tekst og tone til eitt av versa i gangetabellen til Lødøen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.02.2011