Hopp til innhold
X
Innhald

Oline Løvlid

Oline Ragnhild Løvlid fødd 1950. Folkemusikar. Ex. artium, handelsskule, og tilleggsutdanning i lokalhistorie og norsk.

Oline Ragnhild Løvlid fødd 1950. Folkemusikar. Ex. artium, handelsskule, og tilleggsutdanning i lokalhistorie og norsk.

Kvedar som har vunne mange landstevlingar. Løvlid har gjort mykje for å bere dei gamle songtradisjonane i Hornindal vidare, m.a. med eit stort samlararbeid av lokal folkemusikk og folkeminne. Ho har undervist i kveding m.a. i regi av Folkeakademiet. Fekk i 2006 gjeve ut plata ”Fortal” der 67 kvedarar frå Hornindal tek del.

Tildelt den kommunale Kulturprisen 1997, og Folkemusikkprisen for Sogn og Fjordane 1998 og Postens kulturpris i 2006.

Mor til folkesongar Unni Løvlid.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.02.2011