Hopp til innhold
X
Innhald

Omkomne frå Svor i Navelsaker-raset 1701

Mange gardstun langs Honndalsvatnet har vore utsette for fonnskader.
Særleg ille gjekk det 4. juledag 1701 på Innigard på Navelsaker. Det var barnedåp i garden den dagen då fonna gjekk og sopte tunet bort. 14 menneske omkom. Mange av desse var frå garden Svor i Hornindal. Mora og dåpsbarnet vart begge berga ved at ho sprang inn i den steinmura røykomnen i stova som ikkje vart sopt med av raset. Det var ei vassdemme i elva ovanfor garden som losna og førte til den store skaden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.05.2007