Hopp til innhold
X
Innhald

Populær turistveg gjennom Norangsdalen

Ei populær «over-land-rute» for passasjerarar frå dei første «flytande hotella» turistskipa – var Stryn-Hornindal-Norangsdalen-Øye (veg bygd 1840-1850).

Ny veg vart bygt gjennom Norangsdalen 1893-1996. Frå 1912 avløyste dei første bilane hesteskyssen på denne turistruta.

Opphav til rutebilselskap

Turistruta Stryn–Norangsdalen var opphavet til at Nordfjord og Sunnmøre Billag vart skipa på eit møte på Grodås i Hornindal 1914. Billaget var interkommunalt – eigd av kommunane i Nordfjord, og Sunnylven kommune på Sunnmøre.

Leigde bilar

Det gjekk lang tid før billaget kunne ta toppane i turistsesongen med eigne bilar. Difor var det vanleg at Nordfjord og Sunnmøre Billag leigde inn det som fanst i Nordfjord av personbilar heilt ut til Måløy for å køyre turistar over land frå Stryn til Hellesylt eller Øye.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.05.2008