Hopp til innhold
X
Innhald

Posten i Hornindal

Det første posthuset i Hornindal, på garden Kirkhorn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det første posthuset i Hornindal, på garden Kirkhorn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Første postopneri på Kirkhorn

Landpostruta Bergen-Trondheim starta i 1785, og på 1790-talet vart Den trondhjemske Postvei bygd gjennom Hornindal. Saman med Reed i Breim vart Kirkhorn i Hornindal dei to postopneria på ruta langs Den trondhjemske Postvei gjennom Nordfjord. Truleg vart begge desse postopneria drivne privat. På ein timesetel frå 1834-1835 finn ein underskrifta til både P. Thorsen Reed og Rasmus O.Kirkhorn.

Post-Ola, Ola P. Lødemel. Ukjend fotograf.

Post-Ola, Ola P. Lødemel. Ukjend fotograf.

Kontoret på Kirkhorn vart lagt ned i 1840, trass sterke protestar frå bygdefolket.

Grodås

I 1849 vert det så opna nytt postkontor på Grodås. I Kongeleg resolusjon vart det sagt at postadressa skulle vere anten ”Kirkehorne” eller ”Horningdal i Nordfjord”, men namnet som vart valt, var ”Horningdal”. I 1906 vart kontoret flytta til Grodås (Sanden). I 1918 vart adressa endra til Hornindal. Då "Dølen" vart sett inn i trafikken på Hornindalsvatnet i 1881, fekk Hornindal postforsyninga frå Nordfjordeid. Dølen gjekk til 1950. I 1973 vart postkontoret underpostkontor, og i 1977 fekk det status som postkontor C.

Postbod Jørgen Rognes med folkevogn som framkomstmiddel.

Postbod Jørgen Rognes med folkevogn som framkomstmiddel.

Kirkehorne

– sjå Grodås.

Horningdal i Nordfjord

– sjå Grodås.

Hornindal

– sjå Grodås.

Indre Hornindal

fekk postopneri 1898 med Rasmus A. Solheim som første styrar. Fram til fornorskinga i 1918 stod det ”Indre Hornindalen” på poststempelet. Kontoret vart lagt ned i 1973 og innordna under postkontoret på Grodås.

No har folk i Hornindal fått post i butikk-ordning. Foto: Ottar Starheim, NRK.

No har folk i Hornindal fått post i butikk-ordning. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjøs

fekk brevhus i 1906 med adressa Kjøs i Hornindalen. I 1933 vart adressa endra til Kjøs i Hornindal. Brevhuset vart lagt ned i 1964.

Dobakk

fekk brevhus i 1909. Fram til adressa vart endra i 1933 stod det Dobak på poststempelet. Brevhuset vart lagt ned i 1973 og innordna under postadressa Hornindal.

Støverstein

fekk brevhus i 1912 med poststempel Støversten. Det vart omgjort til postopneri i 1918 med John A. Støverstein som styrar. Postopneriet vart lagt ned i 1928 og innordna under Hornindal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.03.2011