Hopp til innhold
X
Innhald

Raftevolds Hotel

Raftevolds Hotel i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Raftevolds Hotel i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I snart 150 år har Raftevolds Hotel vore eit landemerke og ein viktig arbeidsplass i kommunesenteret Grodås. Raftevolds Hotel vart grunnlagt av Ola M. Raftevold i 1867. Hotellet har vore drive av same slekta heilt sidan starten.

Ola M. Raftevold.

Ola M. Raftevold.

Starta i eit naust

Grunnleggjaren Ola Martinus Olson Raftevold dreiv både hotell, skysstasjon og landhandel. Denne kombinasjonen har vore svært vanleg for mange hotelleigarar frå slutten av 1800-talet og langt opp til vår tid. Såleis finn vi kombinasjonen hotell og handel m.a. hjå Lindstrøm i Lærdal, Kvikne i Balestrand og på Hjelle i Oppstryn. Ola M. O. Raftevold starta hotelldrifta i det små: Han kjøpte eit gamalt naust på Grodåssanden og starta handel. Året etter kjøpte han nabonaustet der det var tingstove i første etasje og overnattingsrom på loftet. Slik vart det to gjestesenger. I tillegg til aktiviteten på Grodåssanden dreiv Ola M.O. Raftevold også odelsgarden lengre inne i dalen.

Raftevolds Hotel ca. 1890. Foto: Anders Bottolvsen Grodaas. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Raftevolds Hotel ca. 1890. Foto: Anders Bottolvsen Grodaas. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Raftevolds Hotel slik det tok seg ut på slutten av 1800-talet. Foto: K. Knudsen, Billedsamlingen UiB.

Raftevolds Hotel slik det tok seg ut på slutten av 1800-talet. Foto: K. Knudsen, Billedsamlingen UiB.

Rutebåtdrift

Landhandelen på Sanden vart driven fram til 1900. Frå 1881 og fram til 1909 stod også hotellverten for drifta av rutebåten "Dølen" på Hornindalsvatnet. I 1909 selde han ”Dølen” til kommunen, trekte seg ut av hotelldrifta og flytta heim til garden sin i Indre Hornindal.

På dette biletet er over 30 bilar parkerte utanfor Raftevolds Hotel medan turistane på overlandstur får mat inne i hotellet. Ukjend fotograf.

På dette biletet er over 30 bilar parkerte utanfor Raftevolds Hotel medan turistane på overlandstur får mat inne i hotellet. Ukjend fotograf.

I fire generasjonar

I 1908 overtok sonen Ola O. Raftevold. Han tok over både hotellet og garden i 1908, med faren som gardsstyrar. I tillegg til å drive hotellet, var Ola O. Raftevold i 33 år også organist i Hornindal kyrkje. Ola O. Raftevold hadde teke militærutdanning, og i ein av salongane kan ein framleis sjå eit måleri av Bernt Tunold der denne hotellverten er avbilda sitjande ved skatollet på kontoret, og med militærutstyr hengjande på veggen. Dette og ein annen kjend variant av motivet har Tunold kalla ”Mellem slagene”. Tredje generasjon i hotelleiinga var Ola O. Raftevold jr. som kom med i hotelldrifta frå 1937. Dottera Anne Raftevold vart saman med mannen Jens Edvard Jensen fjerde og siste generasjonen i familien til å drive hotellet. Dei tok over i 1975. I 2011 selde dei Raftevolds Hotel til Petra Wieth og Jens Brokmann.

Tysk kommandostad under krigen

I 1940 rekvirerte tyskarane hotellet og heldt til der med lokalkommandoen til dei hadde fått bygd opp eigen militærleir i Stryn.

I 1935 var statsminister Johan Nygaardsvold på gjesting på Raftevolds Hotel, truleg i samband med ei rundreise. Her poserer han saman med Gjertrud Tomasgard (f. Raftevold), som til ære for gjestene var pynta som krunebrur. Dei andre på biletet er frå venstre Gjertrud Frislid (f. Raftevold), Ola Raftevold, Synnøve Holmøy, Knut Stadheim (ordførar i Sunnylven), Karoline Wick (f. Raftevold), statsministeren og krunebrura, stortingsrepresentant Torgeir Anderssen-Rysst, Albine Nygaardsvold, handelsminister Alfred Madsen, ukjend, truleg sjåføren til delegasjonen, og Sverre Mjelva frå Hotel Union i Geiranger. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Overlandturar

Raftevolds Hotel har i alle år vore ein naturleg rasteplass for den såkalla ”overland-trafikken” frå turistskip mellom Indre Nordfjord og Øye eller Hellesylt på Sunnmøre.

Raftevolds Hotel vart mykje utvida med nybygg i 1924, 1937 og 1975. Det siste nybygget gav 44 nye gjesterom.

Hotellfamilien Raftevold samla til fotografering i 1999. Privat foto.

Hotellfamilien Raftevold samla til fotografering i 1999. Privat foto.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 08.08.2011