Hopp til innhold
X
Innhald

Ragnvald Lunde

Ragnvald Lunde. Foto: Olav Jakob Tveit

Ragnvald Lunde. Foto: Olav Jakob Tveit

Ragnvald Lunde (1914-2003) i Hornindal. Bakar, spelemenn, folkedansar og slåttekomponist.

Arbeidde som bakar i Sykkylven og Molde før har starta bakeri i Hornindal i 1963. Saman med kona Anna (1917-2001) vann han mange førsteprisar i dans på landskappleikar. Ragnvald Lunde har komponert omlag 50 slåttar, og vann mange prisar som spelemann. Anna Lunde vann også prisar i kveding.

Ragnvald Lunde var i mange år leiar i Hornindal Spelemannslag, og vart utnemnd til æresmedlem i laget, og Ragnvald og Anna Lunde vart æresmedlemmer i Landslaget for spelemenn i 1979. Saman fekk dei også Folkemusikkprisen for Sogn og Fjordane. Tildelt Kongens fortenestemedalje i 1981, og tildelt Hornindal kommune sin første kulturpris 1986.

Far til Lars R. Lunde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 25.02.2011