Hopp til innhold
X
Innhald

Rasmus Rasmusson Vik

Rasmus Rasmusson Vik (1889-1958) frå Båtevikja i Kjøs, gjekk under tilnamnet ”Båtevikjen”. Småbrukar, skreddar og spelemann.

Rasmus Rasmusson Vik (1889-1958) frå Båtevikja i Kjøs, gjekk under tilnamnet ”Båtevikjen”. Småbrukar, skreddar og spelemann.

Han gjekk i skreddarlære og musikklære i Bergen. Då han vende heim, starta han Markane Songlag og hadde elevar i song og musikk.

I 1927 skipa han Hornindal Hornmusikk. Sjølv komponerte han kring 50 slåttar og musikkstykke.

Bror til musikkprofessor Frederick Wick.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.03.2010