Hopp til innhold
X
Innhald

Riksveg 60

Riksveg 60 ved Brendefur. Vegstandarden er ikkje mellom dei beste i landet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Riksveg 60 ved Brendefur. Vegstandarden er ikkje mellom dei beste i landet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hovudvegen gjennom Hornindal frå Grodås til Hellesylt vart omlagd i 1926. Steinkvelvingsbrua ved Tomasgard, som framleis vert nytta i riksvegsambandet Hornindal-Hellesylt, vart bygd i 1928. Framleis fylgjer riksveg 60 gjennom dalen i hovudsak same lina som på 1920-talet. Riksvegen Hornindal-Stranda med dei store tunnelane i Sunnylven vart opna i 1962. Medan riksveg 60 er mykje utbetra på sunnmørssida av grensa, har løyvingar på honndalssida lete vente på seg. Det dårlege underlaget gjer at riksvegen gjennom dalen får mykje skadar under teleløysinga.

Steinkvelvingsbrua ved Tomasgard, bygd i 1928 er framleis i bruk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Steinkvelvingsbrua ved Tomasgard, bygd i 1928 er framleis i bruk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Populær turistveg gjennom Hornindal

På 1890-talet starta ein ny epoke i vestlandsk turistnæring då dei første turistskipa viste seg i fjordane. Det første var ”Midnight Sun" i 1894. Dei store skipa vart kalla ”flytande hotell”. Passasjerane tok gjerne dagsutflukter frå skipa, og hesteskyss av turistar vart ei viktig tilleggsnæring for bøndene i indre Nordfjord. Men det varde ikkje lenge før desse turane på land utvikla seg til lengre turar – såkalla overlandsturar – der turistane t.d. vart frakta frå Stryn og over til fjordane på indre Sunnmøre. Medan dei vart køyrde over land, hadde skipet deira segla rundt Stad og kunne plukke dei opp att når dei kom fram.

Så seint som i 1970 var mange av vegane i Hornindal utan fast dekke. Her må ein Volvo Duett ha hjelp i gjørma dei kalla veg. Ukjend fotograf.

Så seint som i 1970 var mange av vegane i Hornindal utan fast dekke. Her må ein Volvo Duett ha hjelp i gjørma dei kalla veg. Ukjend fotograf.

I indre Nordfjord utvikla det seg to turar som var spesielt populære: Den eine gjekk over den nybygde Strynefjellsvegen til Grotli og ned att til Geiranger, og den andre frå Stryn gjennom Hornindal og Norangsdalen til Øye ved Hjørungfjorden. Den første vegen Stryn-Hornindal-Norangsdalen-Øye vart bygd i 1840-1850 . Ny veg vart bygd gjennom Norangsdalen i 1893- 1896. Turisttrafikken førde med seg at det vart bygd to turisthotell på Grodås. Også på sunnmørssida vart det bygd store turisthotell på Øye og i Hellesylt: Union Hotell på Øye og Grand Hotell i Hellesylt.

Opphav til rutebilselskapet

Frå 1912 avløyste dei første bilane hesteskyssen på denne turistruta. Turistruta Stryn – Norangsdalen var opphavet til at Nordfjord og Sunnmøre Billag vart skipa på eit møte på Grodås i Hornindal 1914. Billaget var interkommunalt – eigd av kommunane i Nordfjord, og Sunnylven kommune på Sunnmøre. Men det gjekk lang tid før billaget kunne ta toppane i turistsesongen med eigne bilar. Difor var det vanleg at Nordfjord og Sunnmøre Billag leigde inn det som fanst i Nordfjord av personbilar. Heilt frå Måløy vart det sendt bilar innover fjorden for å køyre turistar over land frå Stryn til Hellesylt eller Øye. - Les meir om Nordfjord og Sunnmøre Billag under Stryn kommune.

Kjøs Skysstasjon ca. 1930. Anna Kjøs i framsetet med borna Laura, Rasmus og Leif. Foto: Kristianna Kongsvik.

Kjøs Skysstasjon ca. 1930. Anna Kjøs i framsetet med borna Laura, Rasmus og Leif. Foto: Kristianna Kongsvik.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.02.2011