Hopp til innhold
X
Innhald

Rutebåtane på Hornindalsvatnet

D/s Dølen ved kai på Grodås. Båten frakta folk og varer i 70 år på Hornindalsvatnet. Foto: M. S. Heggen.

D/s Dølen ved kai på Grodås. Båten frakta folk og varer i 70 år på Hornindalsvatnet. Foto: M. S. Heggen.

Den første rutebåten på Hornindalsvatnet var d/s ”Dølen” som vart sett inn i trafikk i 1880. Denne båten var kjøpt i Stavanger med namnet ”Ronen”. ”Dølen” gjekk i rute på Hornindalsvatnet til 1950. Ror og anna skipsutstyr frå ”Dølen” er teke var på på Raftevolds Hotell.

D/S ”Duen” gjekk frå 1888 og i nokre år etter i ei konkurrerande rute med ”Dølen” på strekninga Nor i Eid til Grodåssanden i Hornindal.

I 1951 kjøpte Hornindal kommune M/B ”Honndølen” som i nokre år hadde rutetrafikken til veglause bygder på nordsida av Hornindalvatnet, m.a. til Otterdal.

MB ”Honndølen” vart kjøpt inn i 1951. Den nye båten vart frakta landevegen frå Eid til Hornindalsvatnet. Her er det stans på Hjelle. Ukjend fotograf. Eigar: Halfdan Lødemel/Fylkesarkivet.

MB ”Honndølen” vart kjøpt inn i 1951. Den nye båten vart frakta landevegen frå Eid til Hornindalsvatnet. Her er det stans på Hjelle. Ukjend fotograf. Eigar: Halfdan Lødemel/Fylkesarkivet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 11.11.2009