Hopp til innhold
X
Innhald

Samferdsle i Hornindal

Gamle Honndøla bru var ein bit av Den trondhjemske Postvei gjennom Hornindal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gamle Honndøla bru var ein bit av Den trondhjemske Postvei gjennom Hornindal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gamle ferdslevegar

Den Trondhjemske postvei gjekk frå 1795 gjennom Hornindal, og Kirkhorn var første poststaden i indre Nordfjord. Det var skysstasjon og gjestgiveri på Grodås, og skysstasjon på Haugen og Kjøs. Over same lina som postvegen, vart det seinare bygd betre køyreveg.

Karl Støve er ein av vegvaktarane som sytte for vegvedlikehaldet i Hornindal. Her er han til venstre med hjelpemannen sin, Mathias Sørensen. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Karl Støve er ein av vegvaktarane som sytte for vegvedlikehaldet i Hornindal. Her er han til venstre med hjelpemannen sin, Mathias Sørensen. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Dei første bygdevegane

Den første kommunale løyvinga til grendevegar kom i 1840 til gardsveg for Seljeset, Nygård og Muldsvor med tilhøyrande bru over Honndøla. Vegen frå Ytrehorn til Gausemel vart bygd midt på 1950-talet. Rundkøyringa Tomasgard-Taraldset-Seljeset-Haugen med bru over Honndøla vart bygd som skikkeleg bilveg i 1965.

Vegarbeid på Rognes i Skredstranda i 1909. Foto: Isak I. Hellebust. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Vegarbeid på Rognes i Skredstranda i 1909. Foto: Isak I. Hellebust. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Otterdal fekk vegsamband med omverda i 1965. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Otterdal fekk vegsamband med omverda i 1965. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Otterdal

på nordsida av Hornindalsvatnet fekk vegutløysing til Grodås i 1965. Omlag samstundes vart rundkøyringa til grendene frå på sørsida av Hornindal frå Tomasgard til Sætren, Taraldset og Seljeset med bru over Honndøla til Haugen på nordsida ferdig. I desember 2011 vart 1700 meter av vegen vaska vekk av bylgjer som uveret ”Dagmar” laga i Hornindalsvatnet. Først i november 2013 vart vegen opna att. Sjå artikkelen http://nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.7932932

Otterdølene jublar over å ha fått opna vegen til bygda att etter at uvêret Dagmar stengde den i 700 dagar. Foto: Sindre Sunde Tveit, NRK.

Otterdølene jublar over å ha fått opna vegen til bygda att etter at uvêret Dagmar stengde den i 700 dagar. Foto: Sindre Sunde Tveit, NRK.

Riksveg 15 gjennom Hornindal

Riksvegen på sørsida av Hornindalsvatnet vart opna i 1911.

Riksveg 60

Riksvegen Hornindal-Stranda vart opna i 1962.

Hornindal Autoselskap

Hornindal Auto - vart skipa i 1926, og starta rutekøyring i dalen med ein personbilar og lastebil.

Den 22. september vart Kvivsvegen opne. Fylkesgrensa mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane er inne i fjellet. Foto: Arne Stubhaug, NRK.

Den 22. september vart Kvivsvegen opne. Fylkesgrensa mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane er inne i fjellet. Foto: Arne Stubhaug, NRK.

Kvivsvegen

Kvivsvegen har vore ein viktig ferdsleveg i uminnelege tider. Etter hard strid vedtok Miljøverndepartementet at stamvegen nord-sør på Vestlandet i framtida skal gå under fjellet Kviven.

Rutebåtane på Hornindalsvatnet

Den første rutebåten på Hornindalsvatnet var d/s ”Dølen” som vart sett inn i trafikk i 1880.

D/S Dølen ved kai på Grodås. Foto: Magne Flem, Sunnmørsposten.

D/S Dølen ved kai på Grodås. Foto: Magne Flem, Sunnmørsposten.

Posten i Hornindal

Landpostruta Bergen-Trondheim starta i 1785, og på 1790-talet vart Den trondhjemske Postvei bygd gjennom Hornindal.

Telefon og telegraf i Hornindal

Før det statseigde Telegrafverket løyste inn det private telefonnettet i Hornindal i 1909, var det det private «Sønd og Nordfjords Telefonselskab / Sønd og Nordfjords Aktietelefonselskab» som bygde og dreiv telefonnettet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.12.2013