Hopp til innhold
X
Innhald

Sætren Torvstrøfabrikk

Sætren Torvstrøfabrikk i indre Hornindal vart starta i 1910 av grunneigaren Rasmus O. Sætren og ein del andre interessentar i bygda. Arbeidet vart dei første åra leia av Ivar P. Moldsvor.

Johannes O. Haugen - også kalla Myrkongen - overtok i 1917 torvstrøfabrikken. Han bygde ei stor løe for lager og skinnegangar for transport av torva frå myra og inn i løa.

Mange sysselsette

Det kunne arbeide mykje folk under «torvvinna» om sommaren. Torva vart kasta opp frå inntil 1,5 meter djupe grøfter, hesja på tjukke stålstrengar for tørking, og mellombels lagra i småløer ute på myra før den vart frakta til hovudløa og riven opp på spesielle maskiner.

Isolasjon og gjødsel

Torvstrø vart nytta som liggeunderlag for husdyr i fjøset, og blanda med husdyrmøk vart det seinare ein særs god gjødsel. Elles vart torvstrø også nytta som isolasjon i bustadhus og kjølelager. Torvstrøfabrikken var i drift til ut på 1950-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.07.2008