Hopp til innhold
X
Innhald

Skredulukkene på Tussa-anlegga

Framsida av lokalavisa Fjordingen den 10. februar, tre dagar etter den andre rasulukka med tap av menneskeliv vinteren 1964.

Framsida av lokalavisa Fjordingen den 10. februar, tre dagar etter den andre rasulukka med tap av menneskeliv vinteren 1964.

På 1960-talet dreiv Sunnmørs-selskapet Tussakraft store anleggsarbeid i Hornindal med eit såkalla takrenneprosjekt der ein førde vatnet frå fleire elvar på nordsida av Hornindal over til nye kraftverk på Bjørke i Hjørundfjorden.

Den 24. januar og den 7. februar 1964 raserte to snøskred anleggsleiarane til Tussa i Lisjedalen og Hjortdalen i Hornindal, og til saman sju menneske omkom. Det første raset kravde tre menneskeliv, og det andre raset fire menneske.

Dei fleste omkomne var anleggsarbeidarar frå A/S Jernbeton, mellom dei Olav Brendefur frå Hornindal. Journalist Dagfinn Bjørlo (DaBo) frå Nordfjordeid, som var på reportasjeoppdrag for Fjordabladet i Hjortedalen då andre raset kom, miste også livet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 17.12.2012