Hopp til innhold
X
Innhald

Steffen Inge Gausemel

(1909-1940) frå Hornindal. Lærar og kunstmålar. Etter lærarskuleeksamen frå Volda tok han eksamen ved Kunst- og handverksskulen i Oslo 1937.

Han vart rekna som ein gåverik kunstnar, og måla ei mengd bilete frå arbeidslivet i heimbygda frå han kom tilbake til Hornindal i 1937. Gausemel døydde av tuberkulose berre 30 år gamal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.03.2008