Hopp til innhold
X
Innhald

Svormuséet

Anders Svor Museum ligg på Grodås. Foto: Ottar, Starheim, NRK

Anders Svor Museum ligg på Grodås. Foto: Ottar, Starheim, NRK

Svormuséet med ein stor del av arbeida til bilethoggaren Anders Svor (1864–1929) ligg like ved sentrum på Grodås.

Muséet vart opna i 1953, og den landskjende historieprofessoren Francis Bull heldt opningstalen. Det var ikkje minst takka vere bror til kunstnaren, Ola R. Svor, at kunstverka som Anders etterlet seg, vart sikra i eit muséumsbygg. Anders Svor er gravlagd i heimbygda.

Svormuséet var det første muséet som vart reist i Sogn og Fjordane for ein einskild kunstnar. Sidan har m.a. Nikolai Astrup fått si samling på eige muséum i Bergen og på Astruptunet i Jølster, Ludvig Eikaas på Ålhus i Jølster, Hans Gjesme i Lærdal, Johannes Vinjum i Aurland, m.fl.

Då muséet vart opna, var dei fleste skulpturane berre i gips. Sidan har kommunen, delvis med støtte frå institusjonar og private, fått gjort avstøypingar i bronse som er plasserte utandørs i parken kring muséumsbygget.

Svormuséet vart utvida og pussa opp i 1992. Sidan 2004 har Svormuséet i Hornindal vore ein del av Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.05.2014