Hopp til innhold

Einar Førde

Einar Førde

Einar Førde, politikar og kringkastingssjef, ein av dei mest markerte Arbeidarparti-politikarane etter 1945, men kom seg aldri heilt til topps. Derimot blei Førde kringkastingssjefen som berga NRK i konkurransen med TV 2.

Les meir om Einar Førde

Erna Osland

Erna Osland

Erna Osland blir rekna som ein av dei fremste norske forfattarane av barne- og ungdomsbøker. Den tidlegare læraren er både produktiv og prislønt, og ho skriv innanfor dei fleste litterære sjangrar.

Les meir om Erna Osland

Helga Hjetland

Helga Kjellaug Hjetland, adjunkt og i mange år markant leiar av Utdanningsforbundet, som er Noregs tredje største arbeidstakarorganisasjon, med omlag 170 000 medlemer.

Les meir om Helga Hjetland

Jon Dyrrdal

Jon Dyrrdal, sosialøkonom og ungdomslagsorganisator. Han kombinerte ny økonomisk og sosiologisk innsikt med eit sterkt organisatorisk engasjement i norskdomsrørsla.

Les meir om Jon Dyrrdal

Lidvin Osland

Lidvin Magnus Osland, geolog og fylkeskultursjef. Han har utmerkt seg som ein særleg kreativ og engasjert byråkrat som har gått i brodden for ei rekkje nye tiltak innanfor kulturlivet, og som har utfordra grensene for folkevald styring.

Les meir om Lidvin Osland

Marit Tusvik

Marit Tusvik

Marit Tusvik, stilsikker forfattar med stor variasjon i tema og sjangrar. Ho er ei av dei få i landet som skriv ny scenedramatikk, og stykka hennar er oppførte ved fleire norske og utanlandske teater.

Les meir om Marit Tusvik

Per Håland

Per Håland, journalist og redaktør. Med den store teaterinteressa si melde han truleg fleire premierar på Det Norske Teatret enn nokon annan kritikar.

Les meir om Per Håland