Jordbruket er dominert av storfe- og sauehald i tillegg til noko geitehald. Jordbruksarealet består primært av grasareal. Lakseoppdrett finst i hovudsak i Bjordal.
Industrien er den dominerande næringsgreina. Sentralt i Høyangers næringsliv står Norsk Hydro ASA, den største bedrifta, med mellom anna Høyanger Metallverk som produserer råaluminium. Aker Solutions ASA driv industrielt vedlikehald for Hydro Aluminium.
I alt 39 prosent av dei industritilsette arbeider i metallindustrien, 54 prosent i transportmiddelindustrien, mellom anna bildelproduksjon (2001). Det blir drive kjemisk industri i Vadheim. Dei lokale kraftressursane har gitt grunnlaget for industrien.
Høyanger er ein stor kraftkommune med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 1307 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er 15 kraftverk i kommunen, største fallhøgd er 93 meter. Kraftverka med høgast snittproduksjon er Høyanger K5A kraftverk (i drift frå 1965), Eiriksdal kraftverk (2013) og Høyanger K5B kraftverk (1978). Eit system av elvar, Øyreelva, Hålandselva, Daleelva og Eringsdalselva spring saman like innanfor botnen av Høyangsfjorden. Utbygginga av kraftverka byrja alt tidleg på 1900-talet i samband med at den kraftkrevjande industrien i Høyanger blei etablert. Høyangerfjell vindkraftverk frå 2019 på 480 MW ligg ved reguleringsmagasinet til Eiriksdal kraftverk.
Reiselivsnæringa og turisttrafikken har auka med betra samferdsle. I Høyanger kjem Ytre Sogn Avis ut to gonger i veka. I januar 2016 var arbeidsløysa i Høyanger 3,9 prosent, som var over landsgjennomsnittet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.