Hopp til innhold
X
Innhald

Ancher Anthoni Nansen

(1729–1765) frå Danmark, busett på Kyrkjebø. Sorenskrivar. Han var ættefar til den norske greina av Nansen-familien, og kom til Noreg som sorenskrivar i ytre Sogn, truleg frå 1761. Han var far til Hans Leierdahl Nansen (1764-1821) frå Kyrkjebø, sjå under Kjende personar i Høyanger fødde før år 1850, som seinare vart stortingsmann frå Stavanger amt.

Ancher Antoni Nansen var oldefar til den kjende polarforskaren, oppdagaren og diplomaten Fritdjof Nansen (1861–1930).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.10.2007