Hopp til innhold
X
Innhald

Andre køyrevegar i Høyanger

Vegarbeid i Øvre Lavikdalen på 1930-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Gerda Handal Førsund/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Vegarbeid i Øvre Lavikdalen på 1930-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Gerda Handal Førsund/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Vegen Klævold-Kyrkjebø-Berge

vart opna i 1882. Dette var den første bygdevegen i Kyrkjebø kommune.

Bygdeveg frå Dale til Øyra

i Høyanger vart bygd i 1887.

Vegen Lavik-Lavikdal-Løland bru

vart opna i 1912.

Bjordal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bjordal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bjordal-Førde

I åra mellom 1914 og 1923 vart det bygt veg mellom Bjordal og Førde.

Veg til Sørbø

I åra mellom 1925 og 1937 vart det bygd veg frå Søreide til Sørbø ved Østerbøvatnet.

Vegen mellom Høyanger og Vadheim

Vegsambandet frå det gamle trafikknutepunktet Vadheim og austover mot industribygda Høyanger vart bygd i etappar. Byggearbeidet strekte seg over meir enn 50 år.

Brua over Føsundet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Brua over Føsundet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Veg rundt Fuglsetfjorden

Kring 1950 vart mykje av vegsambandet frå Svartemyr til Osland og Føsund bygd ferdig. Brua over Føsundet frå Osland til Hest vart bygd i 1960- 1961. Dette gav samanhengande bilveg frå Svartemyr til Bjordal.

Markeset

er inste garden i Instedalen ved Vadheim. Garden fekk ikkje skikkeleg køyreveg før i 1961. Det var NACO som bygde vegen i samband med kraftutbygging i fjella kring dalen. Det var gjennom Indredalen at det meste av ferdsla mot Sunnfjord gjekk før køyrevegn gjennom Ytredalen vart bygd i 1837.

Førde i Bjordal med fjellvegen mot Matre i fjellsida inne i dalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Førde i Bjordal med fjellvegen mot Matre i fjellsida inne i dalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fjellvegen Bjordal-Matre

Fjellvegen mellom Bjordal i Sogn og Matre i Nordhordland vart opna i 1967. Mykje av vegen vart bygd i samband med dei store kraftutbyggingane i Matrefjella. I 2004/2005 vart rasfarlege og smale parti på vegen utbetra, mellom anna vart det bygt to tunnelar. Arbeidet kosta 40 millionar kroner, og vegen var stengd i rundt eitt år medan arbeidet pågjekk.

Sognefjordslina og vekstsenteret Førde

Riksvegen frå Balestrand til ferjekaia på Kongsnes i Lånefjorden vart opna i 1971. Denne fjordlina kom som eit resultat av at Førde i 1965 var peika ut som vekstsenter. Les meir i artikkelen Høyangertunnelen.

Vegen mellom Vadheim og Røyrvik i 1936. Først 36 år seinare vart det bygt samanhengande veg til Guddal. Ukjend fotograf. Eigar: Ingebjørg og Torleif Eikelid/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Vegen mellom Vadheim og Røyrvik i 1936. Først 36 år seinare vart det bygt samanhengande veg til Guddal. Ukjend fotograf. Eigar: Ingebjørg og Torleif Eikelid/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Samanhengande veg Vadheim-Guddal

i Fjaler kommune vart opna i 1972. På Vadheimsida vart veg til fjellgardane på Ullebø bygd i 1927.

Vegen mellom Leirvik og Lavik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegen mellom Leirvik og Lavik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegen Lavik-Leirvik

Vegen vestover langs fjorden frå Lavik til Leirvik vart opna i 1973.

Ikjefjordbrua

Samanhengande veg frå Oppedal til Bjordal kom då den 340 meter lange brua over Ikjefjorden vart opna i 1977.

Ikjefjordbrua. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ikjefjordbrua. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ortnevik fekk vegsamband

Vegen frå Bjordal til Ortnevik med Søreidetunnelen (1881 meter), Bjordalstunnelen (1552 meter) og Vamråktunnelen (241 meter) vart opna i 1985.

Vamråktunnelen på vegen mellom Bjordal og Ortnevik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vamråktunnelen på vegen mellom Bjordal og Ortnevik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.09.2010