Hopp til innhold
X
Innhald

Andre verdskrigen i Høyanger

I 1939 vart det oppretta ein flymeldepost på Åkre på Høyanger sørside. Her er det Johannes J. Takle (t.v.) og Endre K. Takle som speidar etter fiendtlege fly. Ukjend fotograf. Eigar Endre K. Takle/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Høyanger under krigsutbrotet 1940

Ved utbrotet av den 2. verdskrig 9. april 1940 vart industristaden Høyanger evakuert av frykt for bombeåtak.

Bombinga av Høyanger 1941

På årsdagen for invasjonen i Noreg, 9. april 1941, vart aluminiumsverket i Høyanger bomba av allierte fly.

Motstandskamp og boikott

Den politiske venstresida i Høyanger var blant dei første som starta organisert sivil motstand mot okkupasjonsmakta etter krigsutbrotet. Særleg aktive var kommunistane.

Frontkjemparane

I høve til andre landsdelar var det få frontkjemparar frå Sogn og Fjordane. Dei fleste kom frå Høyanger.

Matmangel under andre verskrigen gjorde at NACO kjøpte inn hundrevis av sauer, samla dei på idrettsplassen og slakta dei. Her er sauene på veg til slaktehuset. Foto frå Hydro-arkivet.

Matmangel under andre verskrigen gjorde at NACO kjøpte inn hundrevis av sauer, samla dei på idrettsplassen og slakta dei. Her er sauene på veg til slaktehuset. Foto frå Hydro-arkivet.

Gestapo i Sogn og Fjordane

Gestapokvarteret i industribyen Høyanger vart kalla Dienststelle Høyanger, torturkammeret låg i ingeniørmessa i Kloumanns Allé.

Under andre verdskrigen måtte folk ha såkalla grensebuarbevis. Dette er beviset til Johan Øren.

Under andre verdskrigen måtte folk ha såkalla grensebuarbevis. Dette er beviset til Johan Øren.

Les om Milorg i Sogn og Fjordane under Det norske forsvaret i fylkesdelen.

Fortet på Klævold

Under andre verdskrigen bygde tyskarane i 1943 eit stort festningsanlegg på Klævold.

Grunnmuren til ei brakke på Klævold, der tyskarane bygde festningsanlegg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Grunnmuren til ei brakke på Klævold, der tyskarane bygde festningsanlegg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Buklanding på Dale

Den 6. februar 1944 måtte eit tysk Focke-Wulf-fly naudlande på Dale i Høyanger.

«Sirius» senka ved Bjordal

Den 9. januar 1945 vart lasteskipet «Sirius» på 938 tonn, tilhøyrande Det Bergenske Dampskipsselskap, senka i Fuglsetfjorden på Høyanger sørside.

«Oldenburg» senka ved Vadheim

Den 7. april 1945 gjekk 40 allierte fly til åtak på ein tysk konvoi som hadde lagt seg i ly under dei høge fjella i Vadheim.

Produksjonsstogg i 1945

Råstoffmangel førde til stopp i aluminiumsproduksjonen i Høyanger på vårparten 1945.

Bjørn West

På slutten av 2. verdskrig var det særleg stor pågang av unge menn som ville delta i den siste motstandskampen mot nazistane.

Fredsdagen 8. mai 1945. Ei stor folkemengd har stilt opp på kaia for å ta imot heimestyrkane. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Fredsdagen 8. mai 1945. Ei stor folkemengd har stilt opp på kaia for å ta imot heimestyrkane. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Krigshelt drap krigsfangar

Den 3. juli 1945 skaut den legandariske krigshelten og sabotøren Johannes Andersen (1898-1968) med kallenamnet «Gulosten» to tyske offiserar som var internerte som krigsfangar i ein samleleir i Vadheim.

Falne og omkomne frå Høyanger

Folk frå Høyanger i tysk fangenskap

Norsk vaktstyrke i Høyanger i maidagane 1945. F.v. Olav Schjelderup Foss, ukjend, Sigrid P. Ruggesete, ukjend, Edmund Ness, ukjend, Sverre Klingenberg, Olav P. Ruggesete, Olav L. Åberge, Halvdan Torvanger, ukjend. Sigrid hadde og vore med i motstandsrørsla. Ukjend fotograf, eigar Atle Bondevik/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Andre historiesider:

*Historia i Høyanger *Kommunehistoria i Høyanger

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 29.09.2011