Hopp til innhold
X
Innhald

Andreas P. Vattekar & Sønner

Andreas P. Vattekar & Sønner trevarefabrikk vart starta på garden Vattekar vest for Vadheim i 1908 av Andreas Vattekar. Fabrikken låg nede ved fjorden, og maskinane vart drivne med kraft frå ei vindmølle den første tida. Då stormen tok vinmølla, vart straumen produsert av ein bensinmotor.

Alle dei seks sønene til Andreas arbeidde i fabrikken som produserte dører, vindauge, trapper og kjøkeninnreiingar.

Etter Andreas Vattekar var det sonen Asmund som dreiv den vesle trevarefabrikken fram til 1981.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.11.2009