Hopp til innhold
X
Innhald

Anne Kristin Osland

Anne Kristin Osland er fødd 1967 i Bjordal, busett i Skollenborg, Kongsberg. Bonde og organisasjonskvinne og SV-politikar.

Anne Kristin Osland er fødd 1967 i Bjordal, busett i Skollenborg, Kongsberg. Bonde og organisasjonskvinne og SV-politikar.

Utdanning i hotell- og restaurantdrift ved Institute Hotelier Cesar Ritz, Sveits 1989–1991, BA International Management ved University of Brighton 1991-1993. Dagleg leiar for Sørsida Idebank i Høyanger 1995–2001, prosjektleiar ved Sogn og Fjordane landbruksselskap 2001–2002. Dagleg leiar i avløysarlag 1998-1999. Bonde i Ortnevik 1998-2002, og frå 2003 i Kongsberg.

Dreiv Valkyrien Catering med m.a. pub og kafe i Ortnevik frå 1999 til 2001, då Bjordal Bygdeservice BA tok over. Hadde fleire tillitsverv m.a. i 4H, Operasjon Dagsverk og Norges Gymnasiastsamband i oppveksten. Leiar i Høyanger SV 2001–2003. Styremedlem SND 2002–2004. Organisatorisk nestleiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag 2001-2002, styremedlem i 2004 og styreleiar frå 2005 til 2007.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.08.2010