Hopp til innhold
X
Innhald

Anton Langøen

Anton Langøen med skarptromma i Fagforeningens Musikklag. Privat foto.

Anton Langøen med skarptromma i Fagforeningens Musikklag. Privat foto.

Anton Langøen (1916-2000) frå Bergen, busett i Høyanger. Fagforeiningsleiar og SV-politikar.

Leiar av Høyanger Kjemiske Industriarbeiderforening 1962–1970. Langøen høyrde til den venstreradikale «opposisjonen» i fagforeninga, og som leiar fekk Langøen mykje motbør innad. Under leiing av Langøen kritiserte Høyanger Kjemiske at LO på 1960–talet engasjerte seg for norsk EEC–medlemskap (EU).

Ved Stortingsvalet i 1965 tok Langøen initiativ til listesamarbeid mellom Ap, Sosialistisk Folkeparti og Kommunistane, men vart nedrøysta. Han representerte Sosialistisk Venstreparti i fylkestinget 1976–1987.

Langøen var ei av drivkreftene i Fagforeningens Musikklag, fekk den kommunale kulturprisen og var æresmedlem i Norges Musikkorps Forbund.

Sjå også: Fagforeningar og Folkets Hus

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.12.2009