Hopp til innhold
X
Innhald

B. L. Norevik

I dette huset heldt B. L. Norevik landhandel til fram til 1980. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette huset heldt B. L. Norevik landhandel til fram til 1980. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bernt Larsen Norevik starta landhandel i Norevik i 1882 under firmanamnet B.L. Norevik. Han hadde også dampskipskaia, posten og telefonstasjonen i bygda.

I 1934 tok sonen Bjarne Larsen over og dreiv fram til dottera Sigrun og ektemaken Kjell Takvam tok over i 1979 og flytta butikken over i nytt forretningsbygg i 1980. Butikken i Norevik vart lagd ned i 1997.

Forretningsbygget som vart teke i bruk i 1980. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretningsbygget som vart teke i bruk i 1980. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.11.2009