Hopp til innhold
X
Innhald

Bjørg Marifjæren

fødd 1959 i Høyanger, busett i Førde. Friidrettskvinne og fysioterapeut. Vart junior–noregsmeister i lengde utan tilløp i 1973 med 2,69 meter, og tok sølv i høgde utan tilløp same år med 1,39 meter. Som senior vart ho noregsmeister i lengde utan tilløp i 1974 og tok sølv på 100 meter.

I 1975 vart Marifjæren noregsmeister i lengde utan tilløp og tok bronse i lengde med tilløp.I 1976 vart ho også noregsmeister i lengde utan tilløp. I 1977 vart det NM–sølv på 100 meter.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 12.12.2007