Hopp til innhold
X
Innhald

Bombinga av Høyanger 1941

Høyanger på 1930-talet. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro.

Høyanger på 1930-talet. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro.

På årsdagen for invasjonen i Noreg, 9. april 1941, vart aluminiumsverket i Høyanger bomba av allierte fly. Det vart relativt liten skade på fabrikken, men tre ueksploderte bomber vart liggjande att.

I Bergen kretsfengsel sat ei gruppe på 13 dødsdømde motstandsfolk frå Rogaland. Mellom desse var Gunnar Hellesen (seinare statsråd og fylkesmann), redaktør Christian S. Oftedal, Sigurd Jacobsen og Helge Børseth. Tyskarane baud seg til å spare livet deira dersom dei ville fjerne bomba. Dei fire avslo tilbodet, men tok likevel oppdraget utan å få slike «nådegåver» i byte. Fangane ottast at tyskarane kunne utnytte slik «velvilje» i propagandaen sin.

Mesteparten av Høyanger sentrum vart evakuert medan dei fire arbeidde med bombene i fabrikken. Tyske soldatar vakta fangane med maskingevær om dei skulle freiste å røme.

Bombene vart frakta ut på fjorden med ein flåte og søkkte på djupt vatn. Fangane vart sende attende til fengselet.

Les meir om krigshistoria i Høyanger

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.09.2010