Hopp til innhold
X
Innhald

Einar Osland

Einar Osland (1886-1955) frå Ikjefjord. Pressemann og Venstre-politikar.

Einar Osland (1886-1955) frå Ikjefjord. Pressemann og Venstre-politikar.

Eksamen frå Stord lærarskule i 1908. Journalist i Drammens Dagblad 1913-1915, redaktør i Romsdalsposten 1915-1919, medarbeidar i Norsk Telegrambyrå 1919-1921, redaktør i Oplandet (Hamar) 1921 og reaktør av Haugesunds Avis 1921-1955.

Medlem av Haugesund bystyre 1925-1934 og 1951-1955, varaordførar 1931-1934, ordførar 1947-1949. Stortingsrepresentant 1950-1953 og varerepresentant 1945-1949.

Av faglege tillitsverv i norsk presse var han m.a. formann i Norsk Venstrepresselag 1949-1953 og styremedlem i Norsk Presseforbund.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 20.11.2009