Hopp til innhold
X
Innhald

Feriesenteret på Fagerneset

Forsamlingshuset på Fagerneset - truleg i 1938. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Forsamlingshuset på Fagerneset - truleg i 1938. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Alt i 1929 vart det teke initiativ til at Høyanger Kjemiske Industriarbeiderforening skulle byggje ein ferie- og rekreasjonsstad for medlemane sine.

Nokre ville til fjells, andre til sjøen, og først i 1935 vart det vedteke at ein skulle satse på begge delar: På Byrkjosen ved Vadheim vart det bygt tre fjellhytter, og på Fagerneset vest for Vadheim vart det bygt tre hytter ved sjøen.

Med økonomisk støtte frå NACO (aluminiumsverket) vart det 1937 bygt eit større forsamlingshus på Fagerneset. Seinast i 1997 vart Fagerneset restaurert og bygd ut, slik at det i dag er 11 hytter i tillegg til hovudhuset.

Fagforeningsmedlemene har heile tida hatt førsteretten til å leige hyttene før andre tilfeldige leigarar slepp til.

Storehuset på Fagerneset i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Storehuset på Fagerneset i 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.08.2010