Hopp til innhold
X
Innhald

Fjellskred utrydda garden Sørbø

I 1631 vart garden Sørbø ved Østerbøvatnet totalt raset av eit fjellskred. Garden var før ulukka ein av dei største i Kyrkjebø sokn. Raset har sidan gått inn i minnet som ”Storeskreda.” Det er lite nemnt om kor mange menneske som miste livet, men truleg vart heile huslyden til Jens Tollakson Sørbø med unntak av kona på garden, drepne.

På garden til Jens Nilsson Sørbø miste også mange livet, men han sjølv og nokre av borna berga seg.

Ei segn vil ha det til at det var bryllaup på Sørbø då skredet kom og at brureparet og nokre gutar på Søreide omkom, men dette er lite truleg, meiner bygdebokskrivaren. Denne segna kan du lese meir om i ”Segner frå Høyanger”.

I 1881 gjekk det også eit stort skred som gjorde mykje skade på Sørbø.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 16.11.2009