Hopp til innhold
X
Innhald

Fjordenes Automobilselskap

I mange år vart turisttrafikken mellom Vadheim og Sandane utført med hest og kjerre. I 1908 kom den første søknaden frå K. Bjørkhus i Sykkylven om å få starte bilrute på strekninga. Han fekk avslag.

Ei av årsakene kunne vere at Kyrkjebø kommunestyre ikkje ville ha slik styggedom inn på vegane: Dei vedtok like godt totalforbod mot biltrafikk innanfor kommunegrensene, og det lokale kommunestyret heldt fram å seie nei til biltrafikk på strekninga Vadheim-Sande heilt fram til 1913.

Bilrute Vadheim-Sandane

Den første opptakten til eit billag vart teke i 1910. Då orienterte hotelleigar C.A. Ryg ved Hotel Gloppen fylkesmannen om at hotellfolket planla ei bilrute for turistar Vadheim-Sandane. I 1911 vart det endeleg gjeve løyve, og i 1912 rulla den første bilen mellom Sandane og Vadheim.

Det var Karl Mjelva sin hotellbil frå Geiranger (sjå [[Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L]]). Etter denne prøveturen, vart A/S Fjordenes Automobilselskap skipa, etter initiativ frå hotelleigarar i Nordfjord og Sunnfjord, og dette var forløparen til Firda Billag, som vart skipa i 1920.

Bilen skapte splid

Bruk av bil mellom Vadheim og Sandane førde til så mykje strid mellom hotellvertane at Sunnfjord og Nordfjord Turistforening vart kløyvd. - Dei som ivra for bilruter var C.A. Ryg i allianse med hotelleigarar i Indre Nordfjord, først og fremst Peter Tenden på Hotel Central i Stryn. Andre hotelleigarar på strekninga Sandane-Vadheim var stort sett bilmotstandarar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.11.2011