Hopp til innhold
X
Innhald

Fornfunn i Høyanger

I Ortnevik er det funne både våpen, reiskapar og smykke i gravrøyser. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I Ortnevik er det funne både våpen, reiskapar og smykke i gravrøyser. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fleire stader i Høyanger kommune er det gjort funn av svært forseggjorde gjenstandar frå steinalder og bronsealder. På Nordeide er det funne ei fint forma steinøks frå sein bronsealder.
I Måren er det funne ei bronseøks frå ca. 600 år f.Kr. På same garden vart det funne ein gullring frå 600 e.Kr. I Ortnevik på sørsida vart det funne reiskapar og våpen i tre gravrøyser frå folkevandringstida kring 500 e.Kr. Her er det også funne smykke henta heim frå dei britiske øyane i vikingtida kring år 800. På Sande er det funne kvinnesmykke med vakker ornamentikk frå same periode. På Høgereina i Høyanger er det også gjort rike gravfunn frå vikingtida.

Høgreeina, der det er gjort gravfunn frå vikingtida. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Høgreeina, der det er gjort gravfunn frå vikingtida. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sjå også: Den eldste historia i Høyanger

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.09.2010